Skal være fossilfri i 2028
Et viktig steg mot et bærekraftig Viken. Det mener fylkesråd for plan, klima og miljø Anne Beathe Tvinnereim om vedtaket som sier at Viken fylkeskommune skal være helt fossilfri i 2028.
Er godt i gang
16. juni vedtok fylkestinget at Viken fylkeskommune skal vera ei fossilfri verksemd i 2028. Å bli fossilfri verksemd krev tiltak innanfor fleire område. Det handlar mellom om anna om oppvarming av bygg, drivstoff til kollektivtransporten, drivstoff til køyretøy og maskiner som fylkeskommunen eig eller leiger, samt drivstoff og materialer i varer og tenester som fylkeskommunen kjøper inn, til dømes i samband med bygg- og anleggsverksemd.
– Det er eit krevande, men viktig arbeid som ligg framfor oss. Og vi er godt i gang. Mellom anna skal vi utarbeida ein utskiftingsplan for dei fossile køyretøya våre, samordna oss slik at våre køyretøy og maskiner vert nytta betre, og få på plass god og hensiktsmessig ladeinfrastruktur, seier Tvinnereim.
Vidare heiter det mellom anna i vedtaket at Viken fylkeskommune berre skal kjøpa og leiga fossilfrie køyretøy og maskiner på fossilfrie drivstoff, fortrinnsvis el, hydrogen eller biogass.
– Dette er eit offensivt vedtak eg håpar kan vise veg for fleire aktørar i Viken-samfunnet, seier Tvinnereim.
Dette er vedtaket
Vedtaket som blei fatta av fylkestinget lyder slik:
1. Tiltak og plan for fossilfri drift innan 2028 blir følgt opp og gjennomført i heile Viken fylkeskommune sin organisasjon.
2. Viken fylkeskommune vedtar og følger opp utskiftingsplan for tenestekøyretøy og arbeidsmaskiner 2021-2022 Utskiftingsplanen blir oppdatert annakvart år fram mot 2028.
3. Viken fylkeskommune skal berre kjøpe, lease og leige fossilfrie køyretøy og maskiner på fossilfrie drivstoff, fortrinnsvis el, hydrogen og biogass. Det kan bli gjort unntak der fossilfrie alternativ ikkje kan dekke det faktiske behov. For einskilde køyretøy og arbeidsmaskiner der det i 2028 ikkje finst fossilfrie alternativ som kan oppfylle behovet vil berekraftig, palmeoljefri biodiesel bli vurdert som alternativ.